495,00 kr
MAGNESIUMKREM LAVENDEL (100 ml)
Ein vil kunna oppleva lindring av muskelsmerte og muskelkrampar ved bruk av magnesiumkrem. Lavendel kan verka roande og fremma søvn.
Tilrådd dosering:
Mot krampar og muskelsmerter: masser 1 - 2 pumpetrykk inn i aktuelt område
Som magnesiumtilskot: masser inntil 8 pumpetrykk på tynn hud.
EPSOMSALT (500 gr)
Magnesium lindrar betennelser og muskelsmerter. Sulfat avgiftar kroppen.
Magnesium og sulfat vert tatt opp gjennom huda. Dette er den mest effektive måten å få tilført minerala på.
Epsomsalt er også kjent som bittersalt, engelsk salt og magnesiumsulfat.
Epsomsalt løyser seg opp i varmt vatn.
KARBAD
Bruk 200 g Epsomsalt til eit bad. Begynn gjerne med ei mindre mengd, for så gradvis å auka dosen. Ved riktig mengd vil ein kjenna seg avslappa og avstressa. Av den grunn vert det tilrådd som kveldsbad. Sit i badekaret i maks 20 min. Ein skal ikkje bruka såpe eller tilsetja noko anna til badevatnet. Ein treng ikkje dusja av saltet til slutt.
FOTBAD
Bland 50 g Epsomsalt til eit vanleg fotbad. Sit med føtene i vatnet i 20 min.
Avslutt med å massera føtene inn med Magnesiumkrem lavendel for eit ekstra godt resultat.