FRI FRAKT NOVEMBER

Angrerett og retur

Angrerett og retur - kjøpsinfo

Bestilling 

Ved bestilling vil du få ei ordrestadfesting på e-post. Du vil også få e-post når varene dine er sendt. Om varene dine er over 1 kg, vert dei sendt som pakke, og du får tilsendt sporingsnummer.

Betaling

Du betaler trygt med Visa, MasterCard eller PayPal.

Frakt i Norge

  • For sendingar opp til 0,35 kg: kr 45,–
  • For sendingar frå 0,35 kg til 1 kg: kr 85,– 
  • For sendingar over 1 kg: kr 145,–

Kjøper du varer for over kr 500,–, er det gratis frakt. 

Leveringstid

Vi sender varene same dag eller seinast dagen etter vi har fått betalinga. Om vi skulle vera utselt for varer, kontaktar vi deg straks med opplysningar, og du er fri til å gjera om ordren din.

Angrerett

Privatpersonar har full angrerett i 14 dagar. Vara må returnerast i same stand som du fekk ho i. Kjøpar betaler returportoen.

Vi fylgjer Forbrukarrådet sine standard salsvilkår.