Ringblomsalve

Helsekjelda

Mengd


Ringblomsalve vert mykje brukt som sårsalve. Han kan gje lindring ved atopisk eksem, psoriasis og andre hudirritasjonar. Bruk han også som leppepomade, kuldekrem og på ekstra tørre hudparti. Han er også fin som stellesalve. Økologisk og Debiosertifisert.

Ingrediensar:

  • Olea Europaea fruktolje* (olivenolje)
  • Butyrospermum parkii smør* (sheasmør)
  • Cera Alba* (bivoks)
  • Calendula officinalis blomsterolje* (ringblomolje)
  • Helianthus annuus frøolje* (solsikkeolje)
  • Rosmarinus officinalis bladolje* (rosmarinekstrakt)

* Debio-godkjente, økologiske ingrediensar

Naturlege komponentar i rosmarinekstrakt: limonen, linalool

Ringblom har bakteriedrepande eigenskapar, og vil kunna redusera risikoen for betennelsar. Han inneheld også calendulin, som er sårlækjande.

Sheasmør er lett betennelseshemmande og har ein naturleg solfaktor på  2-3. Det inneheld også allantoin, som er sårlækjande.