Epsomsalt til bad og slitne føter

Salome

Størrelse




EPSOMSALT – MAGNESIUMSULFAT

For avslappande bad og slitne føter

Epsomsalt, også kjent som bittersalt, engelsk salt eller magnesiumsulfat, har lange tradisjonar for bruk i varme bad og fotbad.

Eit varmt bad med Epsomsalt er ein enkel måte å skapa ei roleg stund for kroppen – særleg etter ein aktiv dag, trening eller når føtene kjennest slitne. Perfekt som ein del av kveldsrutinen når du ønskjer ro, velvære og avslapping.

🛁 Karbad

Tilset ca. 200 g Epsomsalt i varmt badevatn og la saltet løyse seg opp. Du kan gjerne starte med ei mindre mengd og tilpasse etter eige ønske.

Len deg tilbake og nyt badet i opptil 20 minutt. Eit varmt Epsomsaltbad passar spesielt godt som ein del av ein roleg kveldsrutine.

👣 Fotbad

Tilset ca. 50 g Epsomsalt i eit varmt fotbad.

La føtene kvile i vatnet i ca. 20 minutt – perfekt etter ein lang dag, fjelltur eller trening.

🌿 Eit lite Helsekjelda-tips

Avslutt gjerne fotbadet med å massera føter og leggar med Helsekjelda Magnesiumkrem. Ein deilig kombinasjon for slitne føter og ein roleg avslutning på dagen.

Epsomsalt + varmt vatn + litt tid til deg sjølv 💚

Derfor likar me Epsomsalt

  • 100 % magnesiumsulfat
  • enkelt å bruke i karbad og fotbad
  • passar godt etter aktivitet
  • fint som ein del av kveldsrutinen
  • ein enkel måte å skape litt spa-kjensle heime

Ro ned, senk skuldrene og gi kroppen ei lita pause.