NY KUNDE? Då får du 10 % rabatt på Magnesiumkrem i nettbutikken med denne rabattkoden: NY10

Omega-3 fiskeolje

Easy Choice Omega-3 fiskeolje er høgkonsentrert og pressa av fiskekjøt frå ansjos og makrell. Olja er molekylærdestillert. Dette er ein reinseprosess for å fjerna tungmetall og andre miljøgifter frå fiskefeittet.

Easy Choice Omega-3 fiskeolje inneheld ein stor andel EPA (Eicosapentaensyre) og DPA (Docosahexaensyre). Dette er to livsnødvendige (essensielle) fleirumetta feittsyrer kroppen må ha for å fungera optimalt. EPA og DHA vert ikkje danna i kroppen vår, og me må difor få desse næringsstoffa tilført i eit balansert kosthald eller som kosttilskot. Kosthaldet vårt inneheld for lite Omega-3 og for mykje Omega-6. Difor treng dei fleste menneske tilskot av Omega-3.

Forskning syner at EPA

  • reduserer lipidnivå, særleg triglycerid
  • hindrar blodpropp
  • hindrar åreforkalking
  • stabilierer hjerterytme
  • motverkar betennelsar
  • motverkar depresjon og andre psykiske sjukdomar

Forskning syner at DHA

  • senkar blodtrykket
  • er nødvendig for normal vekst
  • er nødvendig for sentralnervesystemet og auge
  • er viktigaste feittsyra i hjernen
  • aukar spermmobilitet
  • aukar forbrenning (gir betre vektkontroll)

Ubalanse i kosten med eit for høgt inntak av Omega-6 i forhold til Omega-3, startar ein subklinisk (ikkje sympotomgjevande ) kronisk betennelse i kroppen. Fysisk inaktivitet, overtrening, røyking og eit høgt stressnivå er andre faktorar som påverkar kroppen negativt. Kronisk subklinisk inflammasjon er årsak til ei rekkje sjukdommar: 

  • hjarte/kar-sjukdomar
  • Alzheimer/demens og andre nevrologiske sjukdomar
  • leddgikt, psoriasis og andre autoimmune sjukdomar

Menneske i alle aldre vil ha nytte av tilskot med Omega-3 olje.