Stabilisera blodsukkeret


Magnesium er eit av dei viktigaste minerala i kroppen, og spelar ei sentral rolle i omsetninga av glukose og insulin. I fylgje fleire nyare studiar spelar det ei sentral rolle i å førebyggja Diabetes type 2 og feilregulering av insulin. Magnesium stabiliserer blodsukkernivået i kroppen.

 

Magnesium vert ikkje danna naturleg i kroppen, og må derfor tilførast. Mange menneske har eit for lavt inntak av magnesium gjennom kosten, og det er vanleg å ta tilskot i form av tablettar. Professor Rosemary Waring har vist at magnesiumsulfat vert absorbert godt og raskt gjennom huda, opp til såkalla metning. Det betyr at kroppen ikkje tek opp meir enn han har bruk for.

Helsekjelda Magnesiumkrem

Helsekjelda Magnesiumkrem er utvikla ut frå erfaring kombinert med kunnskap om magnesium og sulfat sine funksjonar i kroppen. Ved å bruka Helsekjelda Magnesiumkrem vil ein auka magnesiumnivået i kroppen på ein god og enkel måte. Ved å smørja han direkte på vonde musklar, kan ein oppleva snarleg lindring.

 Tilrådd dosering:

  • mot krampar og muskelsmerter: 1-2 pumpetrykk masserast inn i aktuelt område
  • som magnesiumtilskot: inntil 8 pumpetrykk masserast på tynn hud

 

Helsekjelda Magnesiumkrem er eit naturprodukt utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege.

 




Også i Bruksområder

Muskelrestitusjon
Muskelrestitusjon

Trening fører til endringar i magnesiumnivået i kroppen. Ikkje minst for deg som trenar mykje er det viktig med riktig balanse av magnesium. Ved trening og store idrettsprestasjonar taper ein større mengder magnesium gjennom sveitte. 

Les meir

Lindra muskelsmerter
Lindra muskelsmerter

Mangel på magnesium kan føra til muskelplager. Har du stive musklar eller smerte i nakke og rygg, kan tilførsel av magnesium redusera plagene. Magnesium spelar ei sentral rolle i ei rekkje av kroppen sine vitale prosessar. Krampe eller anna smerte i muskulaturen kan vera eit teikn på magnesiummangel.

Les meir

Førebyggja muskelkrampar
Førebyggja muskelkrampar

Musklar som manglar magnesium går lett i krampe. Mange opplever smertefulle krampar i tær, legg eller lår om nettene.

Les meir