Me har ferie frå 30.07. til 05.08. Legg gjerne inn bestillinga di, og me sender varene 06.08.

Ingrediensliste Helsekjelda Magnesiumkrem

Ingrediensane i Helsekjelda sin magnesiumkrem er naturlege og basert på planteoljer. Stjernemerka ingrediensar er i tillegg økologiske. Magnesiumkremen er utvikla og produsert i Noreg i samråd med lækjar.

Ingrediensliste:

  • Aqua = vatn. Vatnet er sterilisert med UV-lys.
  • Sodium stearoyl lactylate = naturleg emulgator, framstilt av mjølkesyre og feittsyrer frå rapsolje.
  • Magnesiumsulfat = mineral utvunne frå gruver. Tilfører kroppen magnesium og sulfat.
  • Glycerin* = naturleg del av feitt, uttrekt frå økologisk kokosolje. Verkar til å oppretthalda fuktbalansen i huda.
  • Carthamus tinctorius seed oil* = økologisk, kaldpressa tistelolje. Tistelolja er rik på essensielle feittsyrer som kroppen ikkje produserer sjølv. Ho er ei lett olje som trekkjer hurtig inn i huda, og vert brukt i kremen for å balansera oljeblandinga.
  • Olea europaea fruit oil* = økologisk, kaldpressa olivenolje. Olivenolje vert mykje brukt til hudpleie, og vert rekna for å vera ei spesiell olje, rik på vitamin og polyfenoler (antioksidantar).
  • Glyceryl stearate = naturleg emulgator, frå beredyktig palmekjerneolje.
  • Cetearyl alcohol = naturleg stabilisator, frå kokosolje og palmekjerneolje.
  • Simmondsia chinensis seed oil* = økologisk, kaldpressa jojobaolje. Jojobaolje liknar mykje vårt eige hudfeitt, vernar huda og tilfører fukt og verdifulle vitamin.
  • Tocopherol = naturleg E-vitaminolje, utvunne frå GMO-fri soya. Vert brukt i kremen som antioksidant, og forlenger haldbarheita til planteoljene.
  • Sodium levulinate = levulinsyre, naturleg, vegtabilsk. Verkar mjukgjerande på huda.
  • Glycine soja oil = soyaolje
  • Polyglyceryl-6 Behenate = vegetabilsk emulgator
  • Polyglyceryl-6 Stearate = vegetabilsk emulgator
  • Potassium sorbate = kaliumsorbat. Konserveringsmiddel