Muskelrestitusjon


Trening fører til endringar i magnesiumnivået i kroppen. Ikkje minst for deg som trenar mykje er det viktig med riktig balanse av magnesium. Ved trening og store idrettsprestasjonar taper ein større mengder magnesium gjennom sveitte. Ved å tilføra ekstra magnesium i samband med dette, vil det gje kortare restitusjonstid. Magnesium vil også kunna bidra til å nøytralisera mjølkesyre.

Magnesium er vassløyseleg og vert fort skilt ut i urin og sveitte. Kroppen er avhengig av dagleg tilførsel av magnesium i maten eller som tilskot, for å halda nivået oppe.

 

Magnesium er eit av dei viktigaste minerala i kroppen og nødvendig for ei rekkje funksjonar som signaloverføring i nervesystemet og regulering av muskelaktivitet. Det inngår i meir enn 300 ulike enzymsystem, og er nødvendig for god muskelavslapping, immunfunksjon og hjartefunksjon.

 

Sulfat påverkar signalsubstansane i hjernen som styrer muskelspenning og smerteoverføring. Tilføring av sulfat kan såleis vera med å lindra muskelspenningar. (Forskar Susan Owens)

 

Magnesium vert ikkje danna naturleg i kroppen, og må derfor tilførast. Mange menneske har eit for lavt inntak av magnesium gjennom kosten, og det er vanleg å ta tilskot i form av tablettar. Professor Rosemary Waring har vist at magnesiumsulfat vert absorbert godt og raskt gjennom huda, opp til såkalla metning. Det betyr at kroppen ikkje tek opp meir enn han har bruk for.

 

Helsekjelda Magnesiumkrem er utvikla ut frå erfaring kombinert med kunnskap om magnesium og sulfat sine funksjonar i kroppen. Ved å bruka Helsekjelda Magnesiumkrem vil ein auka magnesiumnivået i kroppen på ein god og enkel måte. Ved å smørja han direkte på vonde musklar kan ein oppleva snarleg lindring.

 

Tilrådd dosering:

  • mot krampar og muskelsmerter: 1-2 pumpetrykk masserast inn i aktuelt område
  • som magnesiumtilskot: inntil 8 pumpetrykk masserast på tynn hud

 

Helsekjelda Magnesiumkrem er eit naturprodukt utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege.




Også i Bruksområder

Lindra muskelsmerter
Lindra muskelsmerter

Mangel på magnesium kan føra til muskelplager. Har du stive musklar eller smerte i nakke og rygg, kan tilførsel av magnesium redusera plagene. Magnesium spelar ei sentral rolle i ei rekkje av kroppen sine vitale prosessar. Krampe eller anna smerte i muskulaturen kan vera eit teikn på magnesiummangel.

Les meir

Førebyggja muskelkrampar
Førebyggja muskelkrampar

Musklar som manglar magnesium går lett i krampe. Mange opplever smertefulle krampar i tær, legg eller lår om nettene.

Les meir

Oppretthalda muskelfunksjonen
Oppretthalda muskelfunksjonen

Trøyttleik og svakheit er tidlege teikn på magnesiummangel. Det same kan prikking og nummenheit i armar og bein vera. Ved å tilføra magnesium kan ein retta på dette.

Les meir