FRI FRAKT NOVEMBER

Førebyggja muskelkrampar

Førebyggja muskelkrampar

Musklar som manglar magnesium går lett i krampe. Mange opplever smertefulle krampar i tær, legg eller lår om nettene.

Magnesium er eit av dei viktigaste minerala i kroppen og nødvendig for ei rekkje funksjonar som signaloverføring i nervesystemet og regulering av muskelaktivitet. Det inngår i meir enn 300 ulike enzymsystem, og er nødvendig for god muskelavslapping, immunfunksjon og hjartefunksjon.

Sulfat påverkar signalsubstansane i hjernen som styrer muskelspenning og smerteoverføring. Tilføring av sulfat kan såleis vera med og lindra muskelspenningar. (Forskar Susan Owens).

Magnesium rett på huda

Magnesium vert ikkje danna naturleg i kroppen, og må derfor tilførast. Mange menneske har eit for lavt inntak av magnesium gjennom kosten, og det er vanleg å ta tilskot i form av tablettar. Professor Rosemary Waring har vist at magnesiumsulfat vert absorbert godt og raskt gjennom huda, opp til såkalla metning. Det betyr at kroppen ikkje tek opp meir enn han har bruk for.

Helsekjelda Magnesiumkrem

Helsekjelda Magnesiumkrem er utvikla ut frå erfaring kombinert med kunnskap om magnesium og sulfat sine funksjonar i kroppen. Ved å bruka Helsekjelda Magnesiumkrem vil ein auka magnesiumnivået i kroppen på ein god og enkel måte. Ved å smørja han direkte på vonde musklar kan ein oppleva snarleg lindring.

 Tilrådd dosering:

  • mot krampar og muskelsmerter: 1-2 pumpetrykk masserast inn i aktuelt område
  • som magnesiumtilskot: inntil 8 pumpetrykk masserast på tynn hud

 

Helsekjelda Magnesiumkrem er eit naturprodukt utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege.