343,20 kr
MAGNESIUMKREM INGEFÆR
Ved å smørja Magnesiumkrem Ingefær direkte på vonde musklar og ledd, kan ein oppleva snarleg lindring mot leggkrampar og andre muskelsmerter.
Det har utvikla seg ein solid tradisjon med bruk av ingefær mot betennelsar og lokale smerter. I dag har vi studiar som bekreftar resultata frå tradisjonen.
Ein antar at ingefær dempar betennelsar i ledd og musklar via fleire system. Ingefær ser ut til å hemma enzym som fremmar betennelsar, på same måten som fleire betennelseshemmande medisinar gjer. I tillegg er det også muleg at ingefær stimulerer immunsystemet og danning av anti-innflammatoriske stoff. Denne kombinasjonseffekten kan resultera i ein betre betennelsesdempande effekt enn NSAID-medisin (ikkje-steroide anti-inflammatoriske medisinar). Han vil også ha færre biverknader.
Magnesium er nødvendig for alle organa i kroppen. Det er viktig for signaloverføring i nervesystemet og for regulering av muskelaktivitet. Det bidrar til energiproduksjonen, og er viktig for cellevekst og reproduksjon. Ved magnesiummangel kan ein m.a.sjå muskelkrampar, engstelse, irritabilitet og søvnvanskar.
Sulfat er nødvendig i biokjemiske prosesser, som å avgifta kroppen for skadelege stoff. Om ein har for lave nivå av sulfat, vil ein ha vanskar med å avgifte slike stoff. Sulfat er også ein viktig faktor i mage/tarm-systemet, i tillegg til at det regulerer mesteparten av hormona i kroppen.
Bruksinformasjon:
Eit pumpetrykk inneheld 49 mg magnesiumsulfat.
Tilrådd dosering:
- mot krampar og muskelsmerter: masser 1 - 2 pumpetrykk inn i aktuelt område
- som magnesiumtilskot: masser inntil 8 pumpetrykk på tynn hud
Visste du at du kan spare heile 15 % på dette produktet?
Vel du abonnement sparer du både tid og pengar!
Ingrediensar:
*=økologisk sertifisert