NY KUNDE? Då får du 10 % rabatt på Magnesiumkrem i nettbutikken med denne rabattkoden: NY10

Magnesiumkrem Ingefær

Helsekjelda sin Magnesiumkrem Ingefær har dei same gode eigenskapane som Helsekjelda Magnesiumkrem, og kan brukast på same måte som den. Magnesiumkrem Ingefær har i tillegg til magnesium, også eteriske oljer av ingefær, eukalyptus, lavendel og sitron. Desse oljene kan verka lindrande på ømme og stive musklar og ledd.

Det har utvikla seg ein solid tradisjon med bruk av ingefær mot betennelsar og lokale smerter. I dag har vi studiar som bekreftar resultata frå denne tradisjonen.

Ein antar at ingefær dempar betennelsar i ledd og musklar via fleire system. Ingefær ser ut til å hemma enzym som fremmar betennelsar på same måten som fleire betennelseshemmande medisinar gjer. I tillegg er det også muleg at ingefær stimulerer immunsystemet og danning av inflammatoriske stoff.

Tilrådd dosering: 1-2 pumpetrykk massert inn i aktuelt område etter behov.

Botaniar Rolv Hjelmstad seier dette om ingefær: "I det ayurvediske medisinske systemet blir ingefær brukt til behandling av sykdommer med betennelser i leddene, inklusive artritt. Ingefær motvirker dannelsen av betennelsesfremmende stoffer som leukotriner og enkelte prostaglandiner. Gingerolene synes å være de mest effektive stoffene med tanke på denne virkningen."