Spapakken

Helsekjelda AS

TIPS til avslapping og avstressing 💜 🌿
Kva med eit deilig karbad med Epsomsalt, masser så føtene med Magnesiumkrem Lavendel- som kan verka roande og fremma søvn.

 

MAGNESIUMKREM LAVENDEL (100 ml)

Ein vil kunna oppleva lindring av muskelsmerte og muskelkrampar ved bruk av magnesiumkrem. Lavendel kan verka roande og fremma søvn.

Tilrådd dosering:

Mot krampar og muskelsmerter: masser 1 - 2 pumpetrykk inn i aktuelt område

Som magnesiumtilskot: masser inntil 8 pumpetrykk på tynn hud.

EPSOMSALT (500 gr)

Magnesium lindrar betennelser og muskelsmerter. Sulfat avgiftar kroppen.

Magnesium og sulfat vert tatt opp gjennom huda. Dette er den mest effektive måten å få tilført minerala på.

Epsomsalt er også kjent som bittersalt, engelsk salt og magnesiumsulfat. 

Epsomsalt løyser seg opp i varmt vatn.

KARBAD

Bruk 200 g Epsomsalt til eit bad. Begynn gjerne med ei mindre mengd, for så gradvis å auka dosen. Ved riktig mengd vil ein kjenna seg avslappa og avstressa. Av den grunn vert det tilrådd som kveldsbad. Sit i badekaret i maks 20 min. Ein skal ikkje bruka såpe eller tilsetja noko anna til badevatnet. Ein treng ikkje dusja av saltet til slutt.

FOTBAD

Bland 50 g Epsomsalt til eit vanleg fotbad. Sit med føtene i vatnet i 20 min. 

Avslutt med å massera føtene inn med Magnesiumkrem lavendel for eit ekstra godt resultat.