NY KUNDE? Då får du 10 % rabatt på Magnesiumkrem i nettbutikken med denne rabattkoden: NY10

Mi historie

Mi historie.

Ei sterk glede over å hausta av naturen, og ei aukande interresse for legeplantar, er starten på reisa mi mot magnesiumkremen. Dette, saman med eit aukande medvit rundt uheldige og skadelege stoff som omgjev oss dagleg, har drive meg framover.

Eg har hatt ein draum om å skapa eit naturleg rom der ein fritt og trygt kan ausa av naturen sine rikdomar, og der ein tar tilbake kunnskapen og erfaringa frå tidlegare generasjonar. Salome AS er eit resultat av dette, med tilbod om økologiske oljer til hudpleie. Gode og glade tilbakemeldingar på produkta, har gjeve energi til vidare utvikling.

Dette arbeidet vart løfta opp på eit nytt nivå, ved invitasjon til samarbeid i å utvikla ein krem basert på naturlege råvarer og tilsett magnesiumsulfat. Dette utviklingsarbeidet har vore svært vellukka, og me får inn mange glade tilbakemeldingar.

Takksemd frå kundar for ein naturleg krem som hjelper mot leggkrampar, som gir smertestillande effekt ved urinsyregikt og betennelsesdempande verknad ved nakke- og skuldersmerter har gjeve glede og energi i denne tida.

Det kjennest meiningsfullt og rikt å få stå i dette arbeidet.

 

Sissel Minde