Ingrediensliste Helsekjelda Ingefærkrem
Ingrediensane i Helsekjelda Ingefærkrem er naturlege og basert på planteoljer. Stjernemerka ingrediensar er i tillegg økologiske. Ingefærkremen er utvikla og produsert i Noreg i samråd med lækjar.
Ingrediensliste:
- Aqua = vatn. Vatnet er sterilisert med UV-lys.
- Sodium stearoyl lactylate = naturleg emulgator, framstilt av mjølkesyre og feittsyrer frå rapsolje.
- Glycerin* = naturleg del av feitt, uttrekt frå økologisk kokosolje. Verkar til å oppretthalda fuktbalansen i huda.
- Carthamus tinctorius seed oil* = økologisk, kaldpressa tistelolje. Tistelolja er rik på essensielle feittsyrer som kroppen ikkje produserer sjølv. Ho er ei lett olje som trekkjer hurtig inn i huda, og vert brukt i kremen for å balansera oljeblandinga.
- Olea europaea fruit oil* = økologisk, kaldpressa olivenolje. Olivenolje vert mykje brukt til hudpleie, og vert rekna for å vera ei spesiell olje, rik på vitamin og polyfenoler (antioksidantar).
- Glyceryl stearate = naturleg emulgator, frå beredyktig palmekjerneolje.
- Cetearyl alcohol = naturleg stabilisator, frå kokosolje og palmekjerneolje.
- Simmondsia chinensis seed oil* = økologisk, kaldpressa jojobaolje. Jojobaolje liknar mykje vårt eige hudfeitt, vernar huda og tilfører fukt og verdifulle vitamin.
- Polyglyceryl-6 Stearate = vegetabilsk emulgator
- Sodium levulinate = levulinsyre, naturleg, vegtabilsk. Verkar mjukgjerande på huda.
- Citrus Limon Peel Oil* (sitronolje)
- Potassium sorbate = kaliumsorbat. Konserveringsmidde.
- Lavandula Angustifolia Herb Oil* (lavendelolje)
- Zingiber Officinale Root Oil* (ingefærolje)
- Zingiber Cassumunar Root Oil (ingefærolje)
- Eucalyptus Globulus Leaf Oil* (eukalyptusolje)
- Polyglyceryl-6 Behenate = vegetabilsk emulgator
- Tocopherol = naturleg E-vitaminolje, utvunne frå GMO-fri soya. Vert brukt i kremen som antioksidant, og forlenger haldbarheita til planteoljene.
- Glycine soja oil = soyaolje
- Limonene, Linalool, Citral, Geraniol (naturlege komponentar i dei eteriske oljene)