Innhald

Innhald

INNHALD I MAGNESIUMKREMEN

Ingrediensane i Helsekjelda sin magnesiumkrem er naturlege og basert på planteoljer. Stjernemerka ingrediensar er i tillegg økologiske.
Magnesiumkremen er utvikla og produsert i Noreg i samråd med lækjar.

Ingrediensliste:
Aqua = vatn. Vatnet er sterilisert med UV-lys.

Sodium stearoyl lactylate = naturleg emulgator, framstilt av mjølkesyre og feittsyrer frå rapsolje.

Magnesiumsulfat = mineral utvunne frå gruver. Tilfører kroppen magnesium og sulfat.

Glycerin* = naturleg del av feitt, uttrekt frå økologisk kokosolje. Verkar til å oppretthalda fuktbalansen i huda.

Carthamus tinctorius seed oil* = økologisk, kaldpressa saflortistelolje. Saflortistelolja er rik på essensielle feittsyrer som kroppen ikkje produserer sjølv. Ho er ei lett olje som trekkjer hurtig inn i huda, og vert brukt i kremen for å balansera oljeblandinga.

Olea europaea fruit oil* = økologisk, kaldpressa olivenolje. Olivenolje vert mykje brukt til hudpleie, og vert rekna for å vera ei spesiell olje, rik på vitamin og polyfenoler (antioksidantar).
Glyceryl stearate = naturleg emulgator, frå beredyktig palmekjerneolje.

Cetearyl alcohol = naturleg stabilisator, frå kokosolje og palmekjerneolje.

Simmondsia chinensis seed oil* = økologisk, kaldpressa jojobaolje. Jojobaolje liknar mykje vårt eige hudfeitt, vernar huda og tilfører fukt og verdifulle vitamin.

Tocopherol = naturleg E-vitaminolje, utvunne frå GMO-fri soya. Vert brukt i kremen som antioksidant, og forlenger haldbarheita til planteoljene.

Sodium levulinate = levulinsyre, naturleg, vegtabilsk. Verkar mjukgjerande på huda.

Glycine soja oil = soyaolje
Polyglyceryl-6 Behenate = vegetabilsk emulgator
Polyglyceryl-6 Stearate = vegetabilsk emulgator

Potassium sorbate = kaliumsorbat. Konserveringsmiddel.