Mangel på kalsium fører i ytterste konsekvens til osteoporose eller beinskjørheit. Om du manglar magnesium vil osteoklastene (dei beinbrytande cellene) «gnaga sund» beina for å frigjera magnesium. Men då vert også kalsium frigjort, og du får for mykje kalsium i blodet. Mangel på magnesium fører derfor til at beinsubstansen misser både magnesium og kalsium, og du risikerer å bli beinskjør.
Magnesium vert ikkje danna naturleg i kroppen, og må derfor tilførast. Mange menneske har eit for lavt inntak av magnesium gjennom kosten, og det er vanleg å ta tilskot i form av tablettar. Professor Rosemary Waring har vist at magnesiumsulfat vert absorbert godt og raskt gjennom huda, opp til såkalla metning. Det betyr at kroppen ikkje tek opp meir enn han har bruk for.
Helsekjelda Magnesiumkrem er utvikla ut frå erfaring kombinert med kunnskap om magnesium og sulfat sine funksjonar i kroppen. Ved å bruka Helsekjelda Magnesiumkrem vil ein auka magnesiumnivået i kroppen på ein god og enkel måte. Ved å smørja han direkte på vonde musklar kan ein oppleva snarleg lindring.
Tilrådd dosering:
Helsekjelda Magnesiumkrem er eit naturprodukt utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege.