Peparmynteolje

Salome

Mengd

Peparmynteolje kan brukast som lukttilsetjing i Helsekjelda Magnesiumkrem. Tilsett 1 drope peparmynteolje til 2-3 pumpetrykk krem.

Eterisk olje av peparmynte er forfriskande, kjølande og styrkjande. Olja verkar kvalmestillande, og er god ved reisesjuke og fordøyingsplager. Peparmynteolje har god effekt på luftvegane, er slimløysande og kan hjelpa ved bronkitt, forkjøling, hoste og astma. Ho har bedøvande effekt på huda og er lindrande ved hovudverk og muskelsmerter.

Kontraindikasjonar: kan verka hud- og slimhinneirriterande på sensitive personar. Skal ikkje brukast saman med homøopatmedisin eller på små born.

Naturlege komponentar: limonen, linalool

INCI: Mentha Piperita Oil

Opphavsland: England

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i planteolje/krem før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.