Neurofeedback som heimetrening

 

Helsekjelda tilbyr som ein av få i Norge neurofeedback som heimetrening.

Neurofeedback (også kalla EEG biofeedback) er ein teknikk som lærer hjernen til å fungera betre. Han vert brukt m.a. ved motorisk uro, psykiske plager, sinnemestring, konsentrasjonsvanskar,  søvnforstyrringar, posttraumatisk bearbeiding og ulike former for hypersensitivitet.

Kva er neurofeedback/EEG biofeedback?

Neurofeedback er trening for hjernen, der ein kombinerer nyare kunnskap innan nevrofysiologi og datateknologi til å utvikla treningsprogram som kan påverka ubevisste og ikkje-viljestyrte prosessar i kroppen.

Ved hjelp av EEG-sensorar (elektrodar) plassert på hovudet og eit dataprogram, vert brukaren sin EEG (elektriske impulsar frå hjernen) vist på ein skjerm, grafisk eller som eit spel. Brukaren kan ved hjelp av hjernen påverka og endra desse impulsane, noko som fører til varig endring av bestemte/utvalde kroppsprosessar. Ein utnyttar hjernen sin enorme kapasitet og fleksibilitet til å endra innlærte og automatiserte tenkje- og handlingsmønster. Vitskapelege studiar dokumenterer effekten av neurofeedback på motorisk uro, krampar, psykiske plager, posttraumatiske plager og misbruksproblematikk. Ein kan også oppleva ein ekstra gevinst som heva stemningsleie, betre søvnkvalitet og innsikt i eigne negative eller positive handlingsmønster.

Det finst fleire ulike former for neurofeedback. Helsekjelda bruker LENS (Low Energy Neuro Stimulation), som verkar raskt og enkelt. LENS bruker EEG-signala til den einskilde og tilpassar feedbacken til desse. Det gjer at det krev lite av den som skal trena. Treninga kan foregå heime etter minimal opplæring og det krev heller ikkje at den som skal trena, er spesielt oppmerksam eller skal gjera noko spesielt under treninga.

I USA har LENS vore brukt i meir enn 30 år med god effekt. Og i ein studie vart det av meir enn 95 % av deltakarane rapportert om at effekten langt oversteig forventningane.

Dersom du vil vita meir om kva LENS er, korleis det verkar, kva det verkar på m.m., kan du gå til Ochs Labs LENS Neurofeedback.

Korleis trenar ein med neurofeedback?

Kvar treningsøkt varer som oftast 3–4 minuttar, men ein kan sjå effekt alt etter nokre sekundar. Dei fyrste resultata vert som oftast sett etter 1–4 økter, men det er vanleg å ha opp til 20 økter.

Til forskjell frå LENS kan ei treningsøkt med klassisk neurofeedback vara i 30–60 minuttar, og ein bør trena 4–5 gongar pr. veke. For å oppnå varig effekt av neurofeedback-trening bør ein ha minst 20 økter.

Ynskjer du å vita meir om neurofeedbak kan du gå inn på fylgjande nettsider:
BrainMaster Technologies eller EEG Education & Research.

Ta kontakt med oss på post@helsekjelda.no om de ynskjer meir informasjon eller de er interessert i tilbodet.

Lens - neurofeedback som heimetrening